Friday, January 4, 2013

Disputas: Lojalitetskonfliktar i etiopisk journalistikk

Master Terje S. Skjerdal ved Institutt for medier og kommunikasjon vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Competing loyalties: Journalism culture in the Ethiopian state media.



Terje S. Skjerdal
Terje S. Skjerdal

Avhandlinga drøftar eit kjent dilemma i journalistikken – lojalitetskonfliktar – i eit mediesamfunn prega av sterk statskontroll - Etiopia. Lojalitetskonfliktar eksisterer i alle typar medium og alle typar mediesamfunn, men er lite forska på i ein utviklingskontekst.

I doktorgradsprosjektet har Terje S. Skjerdal studert tre sentrale statsmedieinstitusjonar i Etiopia der spenninga mellom eigar-/regjeringsinteresser og profesjonsinteresser er markant. 67 journalistar er intervjua. På trass av ulike restriksjonar, identifiserer journalistane seg sterkt med profesjonelle ideal. Lojaliteten til eigaren/regjeringa er derimot svak, og journalistane opplever ein konflikt mellom statleg eigarskap og profesjonell journalistikk. På den andre sida uttrykkjer dei sterk lojalitet til nasjonen og nasjonal utvikling.

Ein kjend teori i forskingslitteraturen hevdar at journalistar som dregst mellom nasjonale og profesjonelle interesser løyser dilemmaet ved å skifta mellom ulike lojalitetar. Journalistar som skal dekkja eit nasjonalt terroråtak, til dømes, skifter frå profesjonell lojalitet den eine dagen til nasjonal lojalitet den neste, og så attende til profesjonell lojalitet etter nokre dagar. Studien finn at teorien ikkje passar med situasjonen i etiopiske statsmedium. Journalistane skifter ikkje mellom profesjonelle og nasjonale lojalitetar, men lever med båe lojalitetane samstundes. På dette grunnlaget føreslår Skjerdal ei alternativ teoretisk tilnærming som kan kallast ein modell om ‘konkurrerande lojalitetar’.

Tid og sted for prøveforelesning

Fredag 11. januar, kl. 09.15, i Ragnar Frischs auditorium, Ullevål kino, Blindern: "The importance of cultural-political context for journalism practice"

Bedømmelseskomité

  • Professor Øyvind Ihlen, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Associate Professor Goretti Linda Lugolobi Nassanga, Makerere University (andreopponent)
  • Professor Kjetil Tronvoll, International Law and Policy Institute, Oslo (førsteopponent)

Leder av disputas

Professor Tanja Storsul

Veileder

  • Professor Helge Rønning, Universitetet i Oslo
  • Professor emeritus Bahru Zewde, Institute for Social Studies, Addis Ababa


Publisert 18. des. 2012 13:09 - Sist endret 2. jan. 2013 14:43

No comments:

Post a Comment