Wednesday, February 27, 2013

Jorda rundt for fri TV


90 millionar menneske i Etiopia har éin tv- og radiostasjon - kontrollert av regjeringa. Tamagne Beyene reiser jorda rundt for å samle inn pengar til den uavhengige kanalen Esat.
Sakset fra: Klassekampen 26. februar 2013
Skrevet av: Magnhild Folkvord


Lengeverande flyktningar frå Etiopia fryktar tvangsutsending og kjempar for retten til å bli i Noreg, slik som sjuåringen Nathan Eshete og foreldra

hans. På same tid reiser ein annan etiopiar Europa rundt for å samla pengar til ein kringkastingsstasjon som kan gi annan informasjon til folk i Etiopia enn dei får via regjeringskontrollerte media.

Festkveld

Sia 2005 har Tamagne Beyene vore heiltidsaktivist for Ethiopian Satellite Television (Esat). Han gjennomfører no ein turné i Europa for å skaffa pengar.

Meir enn 500 etiopiarar samla seg til ein stor festkveld da Beyene besøkte Oslo for eit par veker sia. Somme av dei hadde reist langt, frå asylmottak langt unna hovudstaden. Hovudføremålet med Beyene sitt Oslo-besøk var å samla inn pengar til den frittståande tv- og radiostasjonen Esat, som når over heile Etiopia og kan følgjast via internett rundt omkring i verda.

Beyene har bak seg ein karriere som komikar og underhaldar i Etiopia. I 1996 vart han arrestert fordi styresmaktene mislikte noko av innhaldet i ei framføring han hadde. Ikkje lenge etter flytta han til USA, der han no bur med familien sin.

Intoleranse

Esat-aktivisten fortel om eit regime i Etiopia som ikkje tolererer ulike meiningar.

- Fram til 2005 hadde vi ein heil del ulike aviser. No er det ingen toleranse for ulike meiningar, berre eitt parti og berre éin tv-stasjon. 150 journalistar har forlate landet, seier han til Klassekampen.

Han er uroleg for situasjonen i heimlandet og over at eit land som Noreg gir økonomisk støtte til regimet.

- Noreg støttar korrupsjon og kriminalitet. Norske styremakter må opna auga og sjå om dei støttar folket eller regimet i Etiopia, seier Beyene.

- Vår oppgåve er å skaffa informasjon og arbeida for toleranse. Greier vi ikkje det, blir det borgarkrig. Regjeringa, som representerer ein etnisk minoritet, promoterer splitting. Det er ein farleg situasjon. Ein må vera medlem av regjeringspartiet for å få jobb, seier han og legg til at hovudvekta for Esat ligg på nyhendesendingar, men det blir også sendt underhaldningsprogram.

Vellykka tiggarferd

Den frittståande tv- og radiostasjonen Esat, som har sine viktigaste basar i Amsterdam og Washington D.C., har vore på lufta sia 2008, men ikkje utan problem.

- Vi må samarbeida med eit satellittselskap, leiga ein kanal og betala for den, forklarer Beyene og legg til at både den etiopiske og den kinesiske regjeringa har prøvd å blokkera Esat.

- Kina investerer i å kontrollera heile Afrika. Dei støttar den etiopiske regjeringa og bryr seg ikkje om menneskerettar, seier han.

Erfaringa så langt er at etiopiarar som er busette utanfor heimlandet sluttar opp om Esat i stor grad.

I 2012 vart det samla inn 120.000 dollar berre i Australia.

- Denne rekorden vil vi slå. Målet er å få 5000 personar til å binda seg til å gi 20 dollar i månaden, forklarer Esat-aktivisten.

Frå Oslo reiste han vidare til både München, Frankfurt, Amsterdam, London og Brussel.

Følgjer Esat sine sendingar dagleg

Nizualem Beza
Foto: Morten Holm/Scanpix

Bizualem Beza, etiopiar og menneskerettsaktivist, har vore i Noreg i elleve år. Han er ein av mange som dagleg følgjer med på Esat sine sendingar via internett.

- Fordi vi har Esat kan vi få vita kva som skjer i Etiopia. Regimet veit at informasjon er viktig på alle måtar. Dei stengjer ute alle frie medium og bruker millionar på å blokkera uavhengig informasjon.

Både internasjonale journalistar og organisasjonar som Human Rights Watch blir hindra i å gjera jobben sin i delar av landet, seier Beza til Klassekampen.

- Esat kan verka som eit eineståande tiltak i medieverda?

- I nabolandet Kenya kan media operera fritt. Men i Eritrea, der si­tuasjonen i hovudsak er den same som i Eti­opia, finst det ikkje noko liknande, seier Beza.

På arrangementet i Oslo vart det samla inn nesten 300.000 kroner til Esat.

- Når mange papirlause greier å bidra til ei slik innsamling, seier det noko om kor viktig Esat er. Det var elles ikkje berre etiopiarar og norske støttespelarar som gav pengar. Det gjorde spesielt inntrykk på meg at ein afghansk gut kom med 500 kroner, seier Beza.

Han er sjølv ein av mange som også gir ein fast sum til Esat i månaden


magnhild.folkvord@klassekampen.no

No comments:

Post a Comment